I Egyptens land...

Her kan alle gjøre som de selv vil. La oss diskutere alt som ikke har med planter og hage å gjøre.

Moderatorer: Mona O., hildeG

I Egyptens land...

Innlegg Gundad Man Jul 28, 2008 20:15

Klokka 04:00 i dag tidleg landa flyet vårt på Cairo airport. Familien Djupvik/Rundbergets årlege ekspedisjon er i gang. Ein brannalarm på Gardermoen kunne fort ha forpurra framdrifta, men den vart avblåst, og einaste utfordringa var for mor og ungane å krangle seg inn i sikker sone utland att utan passa og billettane, som var att på innsida. Det ordna seg.

Sjåføren Osman venta trufast på oss, sjølv om flyet landa to timar seinare enn planlagt. Han kan ikkje eit kvekk engelsk, bortsett frå ”have to tank”, som betyr at han treng kontantar. Og det får han. No er vi trygt installert i eit deilig husvere på øya Zamalek, ambassadestrøket i Kairo. Hushjelpa vår, Faten, er ei triveleg dame som reier sengene våre, lagar te og ryddar. Handlinga foregår via telefon, ho ringer til den lokale kolonialen, og 10 minutt etterpå står ein sveitt unggut i trappa med det vi har bestillt. Vi gjekk forbi den butikken i stad, og der sto seks-sju gutar og venta på oppdrag. 10 kroner kostar det, å få varene brakt på døra.

På balkongen her eg sit har eg stildra meg opp med puter i ein luksøriøs sofa (med trekk for å beskytte mot sot og støv som dalar ned), med ein kopp god te, tre hobnobs og beina på ein stol. Resten av reisefølget spelar monopol i stova, eg sit heller i 32 grader og nikosar meg for meg sjølv.

På den sida av huset eg sit har eg utsikt over ein fløyelsblå kveldshimmel og sportsklubben Al Gezeera Sporting club, som vi hadde eit ublidt møte med i dag. Dei vi bur hos utstyrte oss med eit knippe gratisbillettar, men då vi kom dit fekk vi vite at dei var ugyldige (for utlendingar), at inngangen kosta 100 kr, og at om vi betalte inngangsbillett ville vi uansett ikkje få bade, noko som var hovudpoenget med å dra dit. Så no blir det bading på hotell Meridien i staden, det prøver vi oss på i morgon. Lyden frå klubben stig likevel opp til meg. No er det krokketkuler som støyter saman, og fløyteblås frå ein dommar i ein eller annan idrett.

Utsikta på motsett side av huset, der vi har to balkongar, er over Nilen. Der er det skugge på dagtid, og leveleg. På det verste var det 38 grader i dag, det er i varmaste laget. Egyptarane bryr seg ikkje så mykje om varmen, dei held på med sitt, og ser heller ikkje ut til å ense minaretane som ropar ut med jamne mellomrom. Første bønna vi fekk med oss var kl. 13, og kakafonien var intens, med sikkert 15 minaretar innan høyrevidde. Ulike stemmeleie og ulike rytmer gjorde det til ei musisk oppleving.

Alle reisebøker åtvarar mot innpåslitne egyptiske menn. Så langt har vi vore heldige, dei som har teke kontakt med oss er høflege, vennlege og Agnete har fått gå i fred. Ho har anlagt ein dramatisk egyptiskinspirert look, med eit sjal over hovudet og solbriller med refleksglas. Når vi nærmar oss pyramidene og Luxor blir det nok meir intenst med tigging og mas. Så langt er det berre den dyre sportsklubben som har utgjort eit skår i gleda over Kairo.Ii morgon skal vi innom eit reisebyrå, og finne nokre alternative båtreiser på Nilen. Etterpå skal vi besøke Farouk og Fayed i Alexandria, og så har vi lyst til å ta turen ut til ei oase i ørkenen, Siwa. Egil reiser heim 9. august, og då har ungane og eg lyst på badeferie til Port Said eitt par dagar.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 2217
Registrert: Tor Jun 30, 2005 0:58
Bosted: Lindern, Oslo

Innlegg Sissel Man Jul 28, 2008 20:28

Fint at dere nå er vel fremme og vel installert. Gleder meg til videre rapporter fra egypten. :)
Det er bedre å ha jord under neglene, enn i hodet. (P.A.)
Brukerens avatar
Sissel
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1119
Registrert: Tir Jun 03, 2003 12:25
Bosted: Skedsmo

Innlegg solfrid Man Jul 28, 2008 21:06

Heldiggriser. :star:

Bodde ei uke på Meridien, god is og deilig vann. 8)
Varium et mutabile semper femina

Hemerocallis 2010!
Brukerens avatar
solfrid
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 6689
Registrert: Lør Mar 15, 2003 16:35
Bosted: Gressvik i Fredrikstad, H2

Innlegg Gundad Man Jul 28, 2008 22:04

Is, ja, det maa vi proeve.... :D
Brukerens avatar
Gundad
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 2217
Registrert: Tor Jun 30, 2005 0:58
Bosted: Lindern, Oslo

Innlegg Maiblomst Man Jul 28, 2008 23:26

Her har det vore egyptiske tilstandar i dag, dvs. nesten litt for varmt! :mrgreen:
Må likevel innrømme at det høyrtes kjekt ut med Egypt-tur! Men med tre kvikke guttar på 5, 3 og snart 1 så trur eg at me har valgt rett ferieform i år: Heimekos, hytteliv og besteforeldre. :lol: :lol:
Likevel kjekt å høyre om andres reiser, kan jo bli inspirert til seinare ekspedisjonar!
kos dykk vidare!!
Brukerens avatar
Maiblomst
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1046
Registrert: Søn Apr 15, 2007 21:52
Bosted: Stavanger

Innlegg Charlotte Tir Jul 29, 2008 8:24

Åh så heldige!!
Brukerens avatar
Charlotte
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 4427
Registrert: Lør Sep 24, 2005 16:48
Bosted: Kristiansand

Innlegg Gundad Tir Jul 29, 2008 17:20

I og med at Egil skal reise heim ei veke før oss andre, må vi få gjort unna det han har mest lyst til i løpet av dei to vekene han er her. For å få sett templa og gravene langs Nilen reiser vi på cruise frå Aswan til Luxor. Mellom Kairo og Aswan, og Luxor og Kairo tek vi tog. Vi er ganske kjappe når vi først får bestemt oss, så vi var hos reisebyrået i dag, og toget går no klokka 20. Hushjelpa og sjåføren får fri i fire dagar, det er dei sikkert glade for.

I dag har vi vore på Le Meridien og bada, bortsett frå at Le Meridien har blitt Grand Hyatt sidan sist Lonely Planet var her. Det kosta flesk, men det var så svalt og deilig på taket at det var det verdt. Der sat dei side om side, burkadamene, damene i bikini, gubbane i minishorts og vi. Mange barnepiker var der og, dei bada ikkje, så dei hadde store problem med å få fiska opp av bassenget eigenrådige småungar som ikkje var ferdige med å bade sjølv om det var middagstid.

Agnete og eg fekk tid til litt shopping, så no er ho den stolte eigar av ei Louis Vuitton-fakeveske. Vi får sende den i kofferten heim, så den ikkje vert inndregen i eit ihuga forsøk frå tjekkiske tollarar på å handheve WIPO-traktaten.

Vi har ikkje hatt nokon store egyptiske matopplevingar enno. Ordtaket seier at det er like mange egyptiske gourmetrestaurantar som det er iranske pubar i verda. Sidan vår forrige eksotiske reise var til Nepal er vi ikkje så godt vant, men ein kan trygt seie at det egyptiske kjøkkenet er enkelt. Brød er den store greia, dei et pitalignande brød til alle måltid. Faten lagde tradisjonell egyptisk mat til oss då vi kom, direkte oversett frå arabisk heiter retten poteter i omnen. Kjøt vert lagt i ei form, med poteter, tomat, løk og store mengder kvitløk. Det heile vart bakt i to timar, og det var det.

Eg veit ikkje om det er nettforbindelse på båten, er det det, så høyrer dokke nok frå oss. Viss ikkje så gjev eg lyd frå meg på søndag.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 2217
Registrert: Tor Jun 30, 2005 0:58
Bosted: Lindern, Oslo

Innlegg ingrid9000 Tir Jul 29, 2008 17:43

Åh, det er så herlig med alle detaljene du får med Gunda, lekkert med en reisebeskrivelse igjen :star: Har dere byttet hus i år også??
Håper dere får med dere en porsjon fool medames mens dere er i Egypt. En grei rett vi får til middagsmat en gang iblant når vi har travelt ;) Kanskje ikke verdens mest utsøkte matrett men næringsrik og sunn :)
Brukerens avatar
ingrid9000
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3626
Registrert: Man Jun 19, 2006 23:12
Bosted: Engerdøl, bor i Nordjylland, Danmark

Innlegg Gundad Tir Jul 29, 2008 17:46

Ja, vi har bytta, egyptarane ankom Lindern i dag. Eg skal leite etter fool... :sikle:

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 2217
Registrert: Tor Jun 30, 2005 0:58
Bosted: Lindern, Oslo

Innlegg hildeG Tir Jul 29, 2008 18:24

Var på Nilcruise fra Luxor til Aswan og tilbake i januar 2002. Fordelen var at da var det ingen andre der (vinteren etter 9.11....) maten på båten var faktisk riktig bra. Selv om det nok er en stund til egyptisk kjøkken bli verdensberømt :lol: Men for en fantastisk tur med masse spennende å se!! Kos dere!
Humankind, after all, cannot bear very much reality.
Robert Pogue Harrison
hildeGs blogg
Brukerens avatar
hildeG
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 12110
Registrert: Tor Apr 24, 2003 21:00
Bosted: Ringsaker, Norge

Innlegg iduns Ons Jul 30, 2008 11:37

Eg og min komande mann var på nilcruise desember -88. Då var mathandteringa ganske dårleg (dårleg avkjøling). Alt såg lekkert ut. Eg åt nokre grønsaker eg burde ha halde meg unna. Spydde og dr#¤%&t i nokre dagar, høg feber og missa kongegravene i Kongenes dag.
Mannen min spist loff og drakk whisky og cola - han greidde seg strålande.
Elles vakkert - vakkert - med felukkaer (små seilbåtar ) på Nilen i solnedgangen. Eit bilde eg aldri gløymer.
Brukerens avatar
iduns
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1262
Registrert: Tir Mai 13, 2003 13:54
Bosted: H3-Sandvika Norge

Innlegg gerdh Ons Jul 30, 2008 12:05

Å! Så spennende!!! Så flinke dere er til å ordne opp og planlegge!!! For en nysgjerrigper som meg så melder det seg noen spørsmål:

1) Hva er hobnobs? (jeg forstår ordet, to hobnob, men ikke fenomenet du beskriver her, du sa at du koste deg med hobnobs i i første innlegg). Her er det noe nytt og jeg må jeg se å følge med i utviklinga så jeg ikke sakker akterut :lol: .

2) Ga klubben en begrunnelse for at dere ikke kunne bade der? Hvis dere betalte 100 kroningen? Var det rett og slett det at utlendinger var uønsket?

Jeg husker din Nepaltur med glede, og nå gleder jeg meg veldig til å lese fortsettelsen av turen til Egyptens land.
gerdh
gerdh
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1114
Registrert: Søn Mar 12, 2006 12:26
Bosted: Siggerud

Innlegg Mokki Ons Jul 30, 2008 12:11

Brukerens avatar
Mokki
Gallerist
Gallerist
 
Innlegg: 2644
Registrert: Ons Mar 19, 2003 12:54
Bosted: Trondheim, Sør-Trøndelag

Innlegg gerdh Ons Jul 30, 2008 12:20

Aha! Takk! Nå er jeg oppdatert!
gerdh
gerdh
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1114
Registrert: Søn Mar 12, 2006 12:26
Bosted: Siggerud

Innlegg Gundad Ons Jul 30, 2008 21:42

Takk, Mokki, for googlinga av Hobnobs. Dei viste til forsikringsmessige grunnar, men eg trur dei ikkje vil ha "tilreisande" dit. Vaare egyptiske vennar paa Lindern har tilbode seg aa ordne eit midlertidig medlemsskap for $200, men no reiser vi rundt i Egypt, saa vi har ikkje brydd oss med det.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 2217
Registrert: Tor Jun 30, 2005 0:58
Bosted: Lindern, Oslo

Innlegg Gundad Ons Jul 30, 2008 21:45

Avreisa frå Kairo vart hektisk. Alle familiar har sine måtar å fordele oppgåver på ei reise på. Normalt ordnar eg slike ting som å finne ut kvar vi skal reise frå, kva som korresponderer og I kva rekkefølge vi skal gjere ting på reisa. I går var det Egil som henta våre billettar til Aswan på reisebyrået (det einaste reisebyrået ein må igjennom metalldetektor for å kome inn til. Det har med å gjere at det ligg inne I det amerikanske Marriott hotell.) Han fekk beskjed om at vi skulle reise med tog frå Giza stasjon.

Men så byrja han å lese kart og forske på dette sjølv, og kom til at det måtte vere feil. Så då drosja kom, fekk sjåføren beskjed om å køyre til hovudstasjonen. Dette er stasjon Ramses, som seg hør og bør. Vi dro til stasjon Ramses, fann spor 8, og spurte etter toget til Giza. Der sto eit tog som skulle til Giza, men ikkje det elegante førsteklassetoget som vi hadde forventa. Faktisk var toget ganske slitent og bar ikkje preg av å ha verken sovevogner eller restaurantvogn.

Gode råd var dyre, for klokka var halv åtte, og toget til Aswan skulle gå kl. 20. Dersom det gjekk frå Giza hadde vi eit kjempeproblem. Rushtrafikken I Kairo er nemleg like intens klokka 20 som den er I Oslo klokka 17. Vi spurte ein fyr som snakka litt engelsk, og han sa at det slitne toget som sto der skulle til Giza, så viss vi reiste med det ville vi nå toget vårt. Problemet var berre at toget til Giza hadde akkurat byrja å bevege seg framover. Jump! –ropte mannen, og vi så gjorde. Rett inn I ein gang på andre klasse der det sto ein gjeng egyptiske mannfolk som syns det var kjempestas at vi kom inn der. Det vil seie, eitt par av dei var engstelege for om dette ville gå bra, og tilbaud oss seta sine inne I kupeen. Vi avslo, for det var berre ti minutt til Giza, og det var vel grenser for kor mykje dramatikk som kunne hende oss på dei ti minutta.

Så feil kan ein ta. Det tok ikkje meir enn to minutt før ein fyr som tydelegvis jobba på toget kom I diskusjon med han som sto nærast meg, altså ved utgangen. Han meinte at mannen ved døra burde flytte seg, slik at han kunne ta fram bagasjen til dei som skulle av I Giza. Mannen ved døra syntest det var berre tøys, og ga uttrykk for det I klare ordelag. Dette gjekk på æra laust for den ESB-tilsette, som hissa seg kraftig opp. Det heile enda med at dei to byrja å sloss rett framfor meg. Vi vart vennleg men bestemt flytta ut av situasjonen av dei andre reisande, som meinte vi ikkje tolte slikt, og til slutt roa det heile seg ned, slik at vi kom av på Giza stasjon I vesentleg same stand og mengde som då vi gjekk på.

Der kom det fine luksustoget glidande. Minn meg på at eg aldri meir skal seie eit vondt ord om NSB. Dette toget var det beste Egypt kan by på, det kosta det kvite ut av auga, men vi må innrømme at vi vart skuffa. Men til Aswan kom vi, og båten vi er på no er noko heilt anna. Romma våre har panoramautsikt over Nilen, det er to basseng pluss eit boblebad på taket, og båten har 70 tilsette fordelt på 30 reisande. Det siste har nok med fenomenet lågsesong å gjere, men det plagar ikkje oss. Vi har sett to tempel, den enorme Aswan-dammen og I tillegg fekk vi tid til å gli over til den botaniske hagen I ein felucca før lunch. å kalle det ein hage er vel å overdrive, men der var fiken, mimulus, hibiscus og daddelpalmar, eksotisk nok for oss.

I stad bada vi med ørkenvinden I ansiktet, medan åtte av dei teknisk tilsette fann ærend å utrette på taket akkurat då, uvisst av kva grunn. Det glir stadig store båtar forbi oss, og vi kosar oss med å konstatere at ingen av dei er så fine som vår. Egil har til og med fått løpt ein time I trimrommet, og påstår at han er I kjempeform. Det går nok over.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Hjelper til
Hjelper til
 
Innlegg: 2217
Registrert: Tor Jun 30, 2005 0:58
Bosted: Lindern, Oslo

Neste

Gå til Pusterommet

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest