by annsj on Mon Apr 09, 2007 19:40
Me gjekk til innkjøp av trampoline i monsterstorleik i fjor, og eg er einig i at noko syn for gudar er han nå ikkje. På andre sida ville eg aldri kamuflert han, rett og slett fordi det er veldig greit for oss vaksne å ha eit auge med kva ungane held på med der til ei kvar tid, ikkje berre når dei hoppar, men også når dei berre sit der og leikar. Det hadde nok vore finare om han hadde vore nedgraven, men ettersom eg ser på trampolinestadiet som ein periode som før eller seinare kjem til å gå over, er løysinga for oss at han står ulike stader på plenen (blir flytta kvar gong plenen blir klipt). Då held plenen seg brukande, og me slepp eit digert hol som me må gjera noko med seinare.