Det har du sikkert rett i, så det blir jo spennande kor lenge den overlever ute i all slags vær. Det som skjer inni ein sånn binge er jo greit nok, og krever sikkert ikkje all verdens. Eg tenkte mest på om konstruksjonen er lett å halde fri for spyflueegg/larvar etc. Min gamle trebinge kjøpt lokalt fungerte bra nok den, men spyfluene brukte den som utklekkingssentral for nye slekter, i enorme mengder. Det var under og oppå innerlokket dei la egga, og dei fann seg mange fine og trygge

plassar inni plastbrettar osv. Håper eg klarer å unngå dette med den nye bingen, for det var usigeleg ekkelt, og det er ikkje noko stas med feite spyfluesvermar i hagen.
