Eg tenkte eg skulle prøve å poste nokre meldingar frå den store utanlandsreisa vår, vi kjem nok til å bli så fulle av inntrykk og opplevingar at det er deilig å få "tømt" seg, og dele dei med andre.
Vi reiste frå Oslo grytidleg onsdag morgon. Alle var passe trøtte, vi er jo i feriemodus... Turen til Paris og vidare til Doha gjekk fint. Doha var ei badstu, med ei luftfuktigheit som nærma seg det du finn i eit basseng! Masse flotte mannfolk i lange kjortlar og med kvite skjerf på hovudet. Det var rart å sjå damer som i Paris kom i høge hælar, søkklasta med Guccivesker og i dongeri, og som heiv på seg full burka før dei gjekk ut av flyet.
Vi reiste frå Doha rundt midnatt. Flyet var fullt av minst 120 mannlege nepalesarar som er gjestearbeidarar i Doha og områda rundt, og så nokre få turistar. Qatar Air har fantastisk servering ombord, også på økonomiklasse. Så vi var ferdige med middagen sånn rundt kl. 02:00, litt snodig, men det er utruleg kva ein blir vant til.
Utover morgonkvisten vart vi merksame på ein fyr som gjekk fram og tilbake i midtgangen. Han såg ikkje heilt god ut, men vi tenkte ikkje noko meir over det. Men når klokka byrja nærme seg 05:30 byrja han bli meir og meir uroleg, og ropte og hauka bak i flyet. All servering og taxfreesalg vart kansellert på grunn av han, og plutseleg gjekk han til åtak på ei av flyvertinnene. Ho vart kjemperedd, og det vart ganske uhyggeleg stemning i flyet.
Dei 120 mannfolka såg det som si oppgåve å kneble og uskadeleggjere denne fyren, og det gjorde ein gjeng av dei ved å banke han ganske ettertrykkeleg opp. Vi var ikkje spesielt høge i hatten då, slagsmålet gjekk føre seg to seterader framfor oss. Etter litt diplomati, som stort sett gjekk ut på å få ein til å sette seg med den ustabile og halde han fast resten av turen, og få dei øvrige 119 til å sette seg ned og telle til 10, roa det heile seg noko. Men vi merka at pilotane ga full gass mot Kathmandu; dei ville tydelegvis ned så snart som råd var. Då vi landa kom det politi ombord og henta fyren ut.
Men: bortsett frå det har vi det no kjempefint, alt er sjølvsagt heilt annleis enn vi er vande med, men vi har masse "støttekontakter" som hjelper oss. Vi er her midt i regntida (som stort sett betyr at det regnar om natta), så hagane rundt her er fantastiske. Kameraet mitt vart sjølvsagt stole frå kofferten, trass i at den var låst med hengelås, men eg skal prøve å få kjøpt eit nytt medan eg er her, slik at eg får teke bilde som dokke skal få sjå. Her er ei lenke til boligbytteselskapet vi brukar. http://www.norway.homelinkint.org/index.jsp Klikkar du på Nepal, og så Vis alle, så kjem du til huset vi bur i, så ta ein titt!
Alt godt, Gunda










